Ørsta Bygdetun - Brudavolltunet

Brudavolltunet som museum

Brudavolltunet vert i dag drive som ei avdeling av Stiftinga Sunnmøre Museum, medan Stiftinga Brudavolltunet er eigar. Hovudoppgåva er å ta vare på det særeigne tunet med hus og innbu og å formidle dette vidare til så mange som mogleg.

Vi prøvar å spegle det vestlandske bonde- eller snarare fiskarbondesamfunnet si utvikling siste to-tre århundra med hovudvekt på attenhundretalet. Vi ynskjer også at Brudavolltunet i endå større grad skal vere ein møtestad mellom eldre og yngre, mellom fortid og notid.

Kort frå Gardshistoria
Brudavollen vart truleg busett på slutten av femtenhundretalet etter å ha lege aude lenge. Garden var ei tid av dei største i gamle Ørsta. Fyrste tunstaden ein kjenner til låg eit par hundre meter mot sørvest. På sekstenhundretalet vart garden teken av skred og husa oppattsette på ny stad. Dagens tun er mest truleg bygd tidleg på attenhundretalet. I 1950-åra vart tunet og nokre mål jord selt til museumsføremål. Resten av garden inngår no stort sett i moderne gardsdrift med nye eigarar.

MDCXXII - I DET AAR BLEF DENNE LAADE GIOR AF IISB. Initialane er Iver Jon Son Brudevoll

Brudavollfolk
Før som no har folk vore nøydde til å søkje andre levevegar eller nye stader for å livberge seg. Banda mellom heimegarden og dei utflytte var ofte solide og impulsane utanfrå og nyfikne gjorde at folket på Brudavollen gjerne var tidleg ute i si samtid. Frå Brudavollen kom mellom andre fyrste sunnmøring som vart nord-amerikanar for godt, og fyrste jordmora i gamle Ørsta kommune. Og andre flytte til.

I ro: Sjølv om utferdstrongen nok var til stades, levde mange der dei var fødde heile livet, men vart ikkje hengande etter av den grunn. Ingeborg Nilsdotter Brudevoll (1832 - 1911) fekk ni born, og sørgde for at dei av dei som levde lenge nok fekk utdanning. Sjølv var ho så glad i å lese at ho hadde boka liggande opa medan ho stelte borna sine, for å nytte tida i den travle kvardagen. Her sit ho i Brudavollhagen i selskap med tre døtre og ein svigerson.

Ut: Eventyrar, plantasjeeigar og hærførar i Sør-Afrika, oberst Hilmar Theodor Bru de Vold. (1842 - 1912). 

Til: Boksamlar, rosemålar og gardsarbeidar Johanes Iversen Pladsebakke (1811 - 1896), Veite-Johanes i det daglege, var gudbrandsdøl, men budde heile sitt vaksne liv saman med bøkene sine på Brudavollen.