Ørsta Bygdetun - Brudavolltunet

Gjenstandssamling

Museet har over 1500 gjenstandar. Då museumslaget kjøpte Brudavolltunet i første halvdel av 1950 talet var det få gjenstandar att i hus og løde  Dei gjenstandane som er her i dag har for det meste kome til utanfrå.

Medlemmar av museumslaget samla inn gjennstandar enten ved at dei reiste rundt i bygda for å samle inn, eller  ved at enkeltpersonar kom til Brudavolltunet med gjenstandar som dei meinte museet burde ha.