Ørsta Bygdetun - Brudavolltunet

Kom å bli med på juletrebrenning og tvarespikking laurdag 16.januar kl. 14.00. 2016

Førjulssøndag 6.desember 2016

Det vert ettermiddagskaffi i Brudavolltunet søndag kl. 1430.Vi har bakt lefser, kokt søst,laga havrekjeks og julebrød. Den som kjem får smake. Eli Kjøde vil fortelle om "mors kjevle".Har du eit kjevle du vil fortelle om så ta det med deg og vis det fram. Er det nokon som veit kvar ein får kjøpt bakstepinne? No når vi hadde workshop i lefsebaking var det fleire som lurte på det.Det vert sal av Ørstaminne.Kr 70 då inkluderer det kaffi og julebakst. Vel møtt alle saman.

Aktivitetsveke/work shop i lefsebaking

Siste veka i november frå tirsdag 24.november til fredag 27.november vert det lefsebaking i tunet frå kl. 18-21.Du kan kome ein av desse dagane om du vil lære å bake lefser. Vi bakar 13 lefser og det er ein porsjon. Dette klarer ein fint på 3 timar. Då set ein deigen, bakar dei ut, steiker, dynkar og smør lefsene klar til frysing når ein kjem heim. I tillegg har vi ei søstgryte på kok så det kan du også få lære. Det beste er å melde seg på ein av dagane. Det koster 350 kroner for eit kurs og då får du lefser med deg heim. Vi kjøper inn ingrediensar, men ber deg ta med 1 kg sukker og 1/2 kg margarin eller smør til å smørje lefsene med. Vi har ein del utstyr som du kan låne, men har du kjevle, steikepinne og underlag så ta det med, og gjerne ei takke om du har. Du melder deg på ved å ringe 48 17 02 75 eller ved å sende ein e- post til heid@brudavolltunet.no

Vevstove i tunet kvar tysdag kl.11.00-16.00

Du er velkomen til å veve i vevstova vår kvar tysdag. Vi har åtte vevar og set opp nye vevar til ei kvar tid. Ta deg ein tur å sjå om dette er noko for deg. Vi har kaffispleis og matykt kl. 13.00.Alle vel møtt

Treng du lokaler for å feire noko?

Sjå her korleis du kan ta kontakt her.

Les meir »