Ørsta Bygdetun - Brudavolltunet

Grautatysdag 9.februar kl. 14-18

Komande tysdag er det feitetysdag eller grautatysdag som enkelte likar å kalle dagen. Vi serverer rømmegraut frå kl. 14.00-18.00, og vi har og kaffi og kaker. Prisen er i år som i fjor kr. 100 og då får du kaffi attåt grauten. Alle er velkomne.

Førjulssøndag 6.desember 2016

Det vert ettermiddagskaffi i Brudavolltunet søndag kl. 1430.Vi har bakt lefser, kokt søst,laga havrekjeks og julebrød. Den som kjem får smake.

Aktivitetsveke/work shop i lefsebaking

Siste veka i november frå tirsdag 24.november til fredag 27.november vert det lefsebaking i tunet frå kl. 18-21.Du kan kome ein av desse dagane om du vil lære å bake lefser. Vi bakar 13 lefser og det er ein porsjon. Dette klarer ein fint på 3 timar. Då set ein deigen, bakar dei ut, steiker, dynkar og smør lefsene klar til frysing når ein kjem heim. I tillegg har vi ei søstgryte på kok så det kan du også få lære.

Les meir »

Vevstove i tunet kvar tysdag kl.11.00-16.00

Du er velkomen til å veve i vevstova vår kvar tysdag. Vi har åtte vevar og set opp nye vevar til ei kvar tid. Ta deg ein tur å sjå om dette er noko for deg. Vi har kaffispleis og matykt kl. 13.00.Alle vel møtt